torsdag 20. juni 2013

Kom tilbake, James.


Kjære James, kom tilbake. Du er ikkje ferdig enno, det er så mykje du skal gjere for meg. Du skal blant anna gjere di beste rolle i ein spelefilm. Ein burlesk thriller der du kanskje spelar ein plaga politimann eller psykiater eller der omkring, der du trollbinder meg med din "presence" og truverdigheit. Det som er ditt varemerke. Kom tilbake, du er altfor ung. Du ga oss Tony Sopranos, men det var berre ein smakebit, eit varselskot om kva du kan. Alle kan sjå at du har så mykje meir inne. Eg gler meg slik til resten, korleis kan du gi deg no?

Det skal du ha, du er unik. Eg seier "er", fordi eg kjem til å sjå på deg igjen og igjen.

Kvil i fred, James Gandolfini.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar