Laurdag tok eg meg ein tur på fotballpub. Liverpool, favorittlaget, spela kamp, og
eg ville sjå kampen i lag med andre øldrikkande, partiske og patetiske mannfolk med lav
impulskontroll.
Det er godt å få vere primitive saman.
Det er godt å få vere primitive saman.
Desse
samlingane rundt storskjermar er ei studie i seg sjølv. Folk går av hengslene
og spelar ut heile sitt kjensleregister, iført fotballdrakt, og ølvom. Dess
lenger ut i kampen det er, dess kraftigare er utbrota.
Roping,
skriking, banning og jubel. Rett som det er singlar det i glas, og rett som det
er var det intensjonen til han som nettopp heldt glaset i handa.
Det er
ikkje ein arena for den uinnvigde.
Difor la
eg merke til ei lita, spe jente med langt lyst hår som av fleire grunnar såg
svært malplassert ut, der ho sat mellom 10-12 småfulle og aggressive menn.
Ho hadde
blitt med kjærasten sin på fotballpub. Han var iført Liverpool-drakt, men song
You'll Never Walk Alone, hymnen som blir sungen før og etter kamp, med
anstrengt mine. Han heldt tilbake. Kompisane hans like så. Her var det openbart
dårleg stemning.
Ho hata
verkeleg å vere der, det var tydeleg. Kjærasten hennar hata at ho var der. Kompisane hans hata det. Det var tap, tap og tap.
Intensjonen
var sikkert god. Han hadde nok følt at han burde invitere henne med, og ho
takka ja og tenkte at han var kjempeskjønn som spurte henne. Men, han hadde
ikkje turt å seie det til kompisane før
ho berre stod der blant dei, fem minutt før avspark.
Så sat ho
der og kviskra sine middagsplanar i øyret hans, medan Liverpool hadde
straffespark. Ho skreiv tekstmeldingar når dei scora. Han hadde lyst å kaste
halvliterglas på skjermen, og kompisane hans hadde lyst
å snakke om damebryst i pausen.
Men dei
avstod. Den spede, blonde jenta temma eit lite dusin mannfolk med sitt blotte
nærvær.
Dei
syntes nok ho tok nok You'll Never Walk Alone for bokstavleg.
I dag er det mandag, skal tru om dei framleis er i lag?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar