fredag 4. oktober 2013

Hår på tissen


Eg har veldig mange gode minner frå barndomen, sikkert fordi eg hadde det veldig bra. Trygt og godt, uendeleg med muligheiter, aldri høve til å kjede seg. Eg glorifiserer den gjerne litt, men kven gjer ikkje det? Det er det fine ein hugsar best.



I overgangen til tenåra tok fokuset mitt ei vending. Ei vending nedover. Nedover mot midten, om du skjønar. 



Burde ikkje eg ha vore i puberteten, no?



1985. Gymmen var over, læraren kommanderte til seg volleyballen og plasserte den under arma. Volleyball var ikkje trening, i mi bok. Eg hadde stått stille heile timen, med unnatak for roteringa som lar deg få serven av og til. Eg hadde ikkje lyst å dusje, eg fanst ikkje sveitt. Det skulle ikkje læraren ha noko av:

— Alle skal dusje, uansett! ropte han.


Motvillig gjekk eg inn i garderoben, kledde sakte av meg medan eg i sidesynet observerte klassekameratane som sjølvsikre gjekk rundt i rommet splitter nakne. Sjølv om vi berre var 14 år, såg enkelte ut som fullvaksne mannfolk, med hår både her og der, stemmeskiftet i full bløming og testosteron som rann over sine bredder.



Ein av dei, la oss kalle han Ola, hadde begynt allereie i femte klasse. Då var han 11 år. Fy flate, så urettferdig. Sidan gjekk det slag i slag. Det grodde og det vaks, og var han borte frå skulen eit par dagar, var han nesten ikkje til å kjenne igjen av hår og skjegg når han kom tilbake. Han hadde hår på brystkassa før nokon av oss andre kunne vise til den minste tust.

No gjekk han roleg, hårete og naken rundt i garderoben. Så rulla han handduken sin til ei pølse som han brukte som piske på spinkle guterumper som pilte fram og tilbake i forsøk på å sleppe unna. Han hadde kanskje kroppen til ein 25-åring, men han hadde hjernen til ein sadistisk niåring.

Stoda var nemleg ei heilt anna hos meg. Her var det ikkje mange aldringsteikna å spore. Eg såg framleis ut som om eg nettopp hadde blitt vaska og stelt av jordmora. 

Eg vrengte av meg t-skjorte, shorts, sko og strømper. No var det berre undiken igjen. Uff, dette ville gjere vondt. Eg rota i plastposen som assisterte for gymbagen eg ikkje eigde, og leitte fram handkledet. Så la eg det tilforlateleg over låra medan eg lirka av meg underbuksa. Eg kasta eit blikk ned; nei. Null hår. Ikkje eitt einaste eit.

Eg likna ein krabbe der eg humpa sidelengs med baken vendt mot dei andre, over golvet og inn i dusjen. Der hengte eg frå meg handkledet og fann ein ledig dusj.

Så stod vi der på rekke og rad, på kvart vårt utviklingsstadium. Det var i alle fall ein ting som var heilt sikkert, eg og ein til — la oss kalle han Lars —var desidert sist ute. Han var like tynn og liten som meg. Og hårlaus. Der han stod saman med Ola, minte dei om far og son.

Vel heime seinare den ettermiddagen, låste eg baddøra og drog ned buksa på nytt. Eg måtte finne ut om eg hadde den naudsynte progresjonen, dette tok nemleg altfor lang tid — tid eg ikkje hadde. 



Eg treng nok ikkje utdjupe intensiteten i gleda eg følte då eg fekk auge på det som minte om kjønnshår. Dei var jammen ikkje lette å få auge på. Lysstyrke, vinkel på lyset og sjølvsagt distansen frå auge til hår var avgjerande for å kunne sjå dei. Flytta eg meg i forhold til lyskjelda, forsvann dei som dug for sola.



Dette var ein stor seier, eit betydeleg steg i rett retning. Eg jubla i det stille, låste opp døra og var ein blid og medgjerleg son og bror resten av den dagen.



Sommarferien kom, og eg brukte dei to månadane godt. Innan skulen tok til att i august, hadde eg for alvor entra puberteten. Ikkje berre hadde eg vakse i høgda, stemma hadde blitt grovare, og. Kanskje mest gledeleg var den spede Hercule Poirot-mustasjen eg hadde fått der nede. Eg gledde meg stort til å triumferande entre fellesdusjen etter gym — splitter naken. Stakkars Lars som måtte stå der att som den einaste kjønnsumodne.


Det var skuffande respons i dusjen etter haustens fyrste gymtime. Det var lite som hadde endra seg utover at Ola var endå høgre og enda meir hårete. Ingen kommenterte mi rivande utvikling, men det var kanskje like greitt, aller helst ville eg ikkje ha fokus på det i det heile.



Men kvar var Lars? I det minste ville eg oppleve å stå ved sidan av han og vise omverda kven som var sist ute, at det ikkje var eg.

Brått kom han småspringane inn med handklede rundt livet, han var seint ute og måtte skunde seg om han skulle rekke neste time. 



Synet som møtte meg kan berre omtalast som skuffande. Eg kjende håra i nakken reise seg — dei der nede heldt seg i ro, som vanleg. Ein heil sommarferie med tørrtrening, lysinnstillingar, posisjonering og sjølvbilde-boosting gjekk opp i røyk. Eller damp, sidan vi stod i ein fellesdusj. Lars hadde kome seint men godt. Hårmessig, altså. Han hadde nesten teke att Ola. Der eg likna ein belgisk detektiv (Poirot var belgisk, ikkje fransk), likna han på Karl Marx. Han stilte seg ved mi side, sjølvsagt, lente seg tilbake og lot vatnet renne nedover kroppen. 

Dusken hans der nede var så tjukk, at det tok eit minutt før den var gjennomvåt.



Eg måtte tilbake til teiknebrettet.



30 år seinare møtte eg Ola på samyrkjelaget. Han var nær ved å døy av alderdom.


I alle fall såg han eldre ut enn meg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar