Eg bøygde
meg fram og skrudde på vatnet, følte meg litt fram på temperaturen og førebudde
meg på smerten. Snart ville ei elles så behageleg oppleving som dusjen etter
fotballkamp, forvandlast til nokre sekund med intenst ubehag.
Vatnet
rann frå hovudet, nedover skuldrane og drog med seg salt og sveitte, hårprodukt
og grus og framkalla ei uuthaldeleg svie i det det trefte eit stort skrubbsår
på den venstre underarma. Eg beit tennene saman og kjende det sakte gå over
akkurat i det neste skrubbsår på kneet fekk same behandling. Så gjekk det over.
No kunne eg sjå fram til to veker med klede, laken og plaster som skulle gro fast i såra. To veker i konstant sjølvmedkjensle. Kanskje ville det la meg gløyme mine skrantande kne og kroniske strekk i eine rumpeballen?

Eg lente
hovudet mot dusjveggen og sukka. Kvifor gadd eg dette, år etter år? 42 år,
småbarnspappa og full av skrubbsår etter ein fotballkamp i oldboysligaen, som vi
i tillegg hadde tapt 1-7 etter å ha blitt utspelt etter alle kunstens reglar.
Utspelt av
andre 42-åringar med kone og barn på sidelina, det kunne vel ikkje vere noko å trakte etter?
Eg hadde
heller ikkje spelt ein god kamp. Vi hadde samla nok folk til å stille lag, men
sidan vi ikkje hadde innbytarar hadde eg blitt utruleg sliten. Og slitne
fotballspelarar gjer som kjent feil. I sluttminutta hadde eg gått i nærduell
med ein motspelar med høgare body mass index og lågare tyngdepunkt enn meg. Ein
resolutt dytt i skuldra sende meg flaksande gjennom lufta med ein kraftig
rotasjon eg ikkje vann å utlikne. Landinga var hard og brutal, og
kunstgrasdekket ga den naudsynte friksjonen skrubbsår treng for å bli skrubbsår.
Var dette mi fotballkarriere på sitt lågaste? tenkte eg og masserte sjampo i hovudbotnen. Det må det ha vore. Eg har trass alt aldri vore eldre, aldri vore tregare eller i dårlegare fysisk form. Sett bort frå speleforståinga blir ein berre dårlegare og dårlegare i fotball etter fylte 30 år. Slik var det berre.

I det
heile tatt kunne ein undre seg over slike som meg som heldt fram å audmjuke seg
sjølv. Veke etter veke, sesong etter sesong, år etter år. Stadig eldre og
dårlegare. Det var vel difor menn tok opp golf i godt vaksen alder. Det å bli
betre og betre i noko, utan å avsløre ditt fysiske forfall nemneverdig. Det verka
lokkande på eit såra ego. Eg var så ubrukeleg i golf at eg kunne sjå fram mot
årevis med forbetring, meistring og styrka sjølvkjensle.
Eg
skrudde att krana og lot vatnet renne av meg. No måtte eg la såra lufttørke så
lenge som mogleg, altså gå rundt i leilegheita i boksershorts fram ti leggetid.
Medan eg
halvnaken smurte meg eit par brødskiver ved kjøkkenbenken, funderte eg vidare
på fenomenet menn som audmjukar seg sjølv. Friviljug.
Menn som kjøper seg racersykkel til femti tusen kroner og legg ut på landevegsritt i kondomdress med mage og manboobs hengande og slengande. Eller som går på byen saman med ein kompis og ser langt etter damer som kunne vore døtrene deira, drikk seg fullare og fullare, og i det lyset blir slått på, gjennomfører dei den eine, flaue og desperate tilnærminga som blir brutalt og indignert avvist.
Tilbake står dei, med eit dumt flir om munnen der dei ser seg om i lokalet etter folk som kan ha observert opptrinnet. Eventuelt om eit nytt offer byr seg fram. Har ein blitt audmjuka ein gong, er skaden av ei til, mindre.

Tanken på
at eg var ein del av eit større bilete, ein mannskultur som var innarbeidd
gjennom hundrevis av år, gjorde meg rolegare. Faktisk litt munter.
Menn skal kanskje vere patetiske? I vår iver etter evig ungdom er vi villige til å lide nokre nederlag og audmjukingar. Kunne det vere så enkelt?
Kva var det ved fotballen som appellerte slik til meg at eg sette meg sjølv i gapahuken?

To dagar
seinare var eg ute og lufta hunden iført dress, skjorte, slips og pene sko. Eg
hugsar ikkje kva høvet var, men hunden tek ikkje omsyn til mitt antrekk — på do
må han, uansett. Då vi passerte nokre gutungar som spelte fotball i ein
ballbinge, spratt plutseleg ballen deira ut i gata og kom mot meg. Eg vart fylt
med glede og spenning. Det stod klart for meg at det var mi oppgåve å få ballen
over inngjerdinga og tilbake i ballbingen. Eg slapp hundebandet, tok eit par
resolutte steg fram og ga ballen eit resolutt spark med underskru. Den gjekk
som eit prosjektil gjennom lufta, men stoppa opp grunna den kraftige skruen
slik at den dalte ned i ballbingen. Ei perfekt langpasning. I pensko. Den eine
ungguten smilte og vinka, ballen hadde landa rett ved støvelen hans.
Etter ein
liten spurt nådde eg att hunden, han sat og gjorde sitt i eit forseggjort
blomsterbed.
Eg kunne knapt vente til neste oldboys-kamp. Forma mi var inne, det kunne alle sjå.
Eg kunne knapt vente til neste oldboys-kamp. Forma mi var inne, det kunne alle sjå.
På veg
heim hadde gutane avslutta dagens økt. Eg hadde håpa at enda ein ball skulle
kome på avvege. Men nei, ingenting.
Søren og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar