torsdag 3. oktober 2013

All the single ladies


Er du kvinne, men saknar ein å dele livet med? Ein du kan ligge i den meir eller mindre sveitte armkroken til eller snuble deg gjennom skog og mark med? Lengtar du etter kjærteikn og  ein som ligg bak deg og alltid vil ha sex?

Vel, du har deg sjølv å takke for di ulukke. Med litt kløkt og smartness kunne du lett ha unngått denne traurige sivilstatusen, akkurat no kunne du ha sete i ein SUV på veg til haustferie på Geilo. Men det gjer du ikkje. For du er singel. Og einsam.

Fortvil ikkje, det finns håp. Sjølv for deg som ikkje har lukkast på slagmarkene. Løysinga er nemleg enklare enn ein skulle tru.

For å vinne ein mann, må du vite kva mannen ynskjer. Menn likar så mangt, men det finnast berre ein fellesnemnar. Eit verkemiddel som alle menn fell for, som alle kvinner tidlegare nytta, men av ein eller annan grunn slutta med.

Jane Helen, sjampo og balsam.

Desse to flaskene med hårprodukt som ein gong fylte klasserom, diskotek og tensingkor-øvingslokaler med si duft. Så rik og feminin. Ingen menn kunne motstå Jane Helen. Det var difor eldre menn prøvde seg på yngre damer før i tida. Eg hugsar godt synet av Jane Helen-duftande småjenter pile nedover gata med vaksne karar jagande etter. Med nasa i veret. Dei sprang etter lukta.

Sjølv var eg ein stor tilhengar av Jane Helen. Eg hugsar godt tida vi haika frå Hareid til Ulsteinvik for å gå på Hødd-disco på samfunnshuset. Etter å bana meg veg gjennom testosteronosande tenåringsgutar, byrja nasa mi å jobbe. Tåfis, sprit, sveitte og deodorant vart effektivt skilt ut, og til slutt kunne eg sirkle inn nærmaste Jane Helen-brukar. Ho kunne sjå ut som eit takras nokon hadde skufla opp på taket igjen, for så å rase ned att ein gong til. Det spelte inga rolle. Ho skulle eg ha.

Eg veit ikkje kva som hende med Jane Helen, ein dag var den ikkje der lenger. Butikkhyllene inneheldt brått andre produkt som lukta salmiakk i forhold. Kanskje var det Timotei-tilhengarar som lobbyerte og fekk hovudkonkurrenten skvisa ut? Ingen likte Timotei, grønsåpe både vaska og lukta betre. Dessutan var det ingen som hadde så langt, blondt hår eller sette seg i ei blomstereng med kvite klede. Alle visste at det førte til grønskeflekkar ein ikkje fekk av. Kanskje berre med Timotei?

Men dei vann til slutt.

Jane Helen tapte. Og med henne, kvinnene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar