onsdag 13. november 2013

Berre ein hund

Dette er hunden vår, Fidel. Rasen kallast Nova Scotia Duck Tolling Retriever, men kallenamnet er Toller. Fidel er sju og eit halvt år, og han har aldri hatt sex.

Dei fleste av oss vil få  problem med å førestelle seg det scenarioet. Eit liv utan sex, å aldri få pult. Han er sju menneskeår, men i hundeår er han faktisk over femti. Altså over middagshøgda, som vi seier. Han har dei beste åra bak seg, allereie. Var han eit menneske, hadde han kanskje mista håret, vore overvektig og gått i umoderne dongeribukser. Favorittmusikken var Dolly Parton eller Eagles. Det seier seg sjølv at slike menn vil slite på sjekkemarknaden. At eg, usle menneske, har fråtatt hunden min gleda, ekstasen og kåtskapen, er meir enn eg kan leve med.

Kva har eg gjort?


No er ikkje Fidel skalla og overvektig, heldigvis. Men han blir ikkje meir enn 12-13 år, og eg er sikker på at yngre hundar ser på han at han dreg på åra. Eg veit ikkje, det er sikkert signal som berre hundar ser og som ikkje er merkbart for det menneskelege auge. Som at han luktar rart, har gamaldagse haldingar og verdiar eller rett og slett berre framstår desperat. Det at han i hans alder framleis bor heime hjå foreldra, er heldigvis vanleg. Men, eg og mora har nok passa for godt på han, verna for mykje om han. Det ber han nok preg av.

Eg berre håper andre hundar ikkje kan merke at han er jomfru. Det må vere tøft å bere på.

Klart, alt håp er ikkje ute for Fidel. Han er ein pen hund, snill og held seg godt for alderen. Eg er sikker på at der er ei tispe der ute som kunne tenke seg ei økt i halmen med han. Ja, til og med tilbringe restane av livet med han. Kanskje deler dei to same skjebne? To litt livstrøtte sjeler som har teke sine feilval i livet, møter kvarandre med ein viss skepsis grunna dårlege erfaringar. Mot alle odds finn dei kjærleiken. Vi har sett det på film mange gonger. Eg ser for meg ei tispe i Michelle Pfeiffer-segmentet. Fidel kan spelast av ein aldrande Al Pacino. Dersom dei var menneske. Hundane, altså.
Lenge har eg tenkt at hunden ligg på golvet og stirrar på meg fordi han vil ha maten eg et på, eller at han berre ynskjer selskap. Det er sjølvsagt feil. Han ligg der og drøymer om sex. Kvar gong vi møter ei tispe i parken, håper han at no – denne gongen – skal han endeleg få pult. Men, nei. Ikkje no heller.

Eg håper han skjønar mi side av saka, og. Det ville vere svært ubehageleg om Fidel og ei tilfeldig passerande tispe brått skulle ha samleie, der og då. På eit fortau, eller i ein park. Kva skulle eg og den andre hundeeigaren snakka om, medan det stod på? Veret? Sjå kor dei kosar seg? Det såg godt ut? Uff, for ein tanke. Nei, det gjeng eg ikkje med på.

Difor har ei anna løysing tvunge seg fram. Eg må innrømme at eg har googla «hundehorehus» og «hundebordell» i det siste. Så pass dårleg samvit har eg, at litt hallikverksemd må til. For the greater good, og alt det der. Vi får heller luske oss ut etter mørkets frembrudd og oppsøke lyssky miljø der ein aldrande hund kan få boltre seg litt. Utan lovnadar,  men rikeleg diskresjon. Ingen spørsmål i etterkant. Berre to hundar, og ein transaksjon.

Det er business. Eg kjem til å betale cash, ver du sikker.
Og, blir det ikkje for dyrt, er det verdt det.