fredag 27. september 2013

Skjebnedagen

Det var ein heilt vanleg laurdag i september. Året var 1981, og eg hadde vore ute og leika det meste av den vakre haustdagen, spelt fotball, klatra i tre og begynt å grave ei hole i bakken som eg planla skulle bli ein underjordisk tunell.



Mor mi opna kjøkenglaset, og lukta av helgas kulinariske høgdepunkt, risengrynsgraut, fylte gardstunet. Det var middag. Då grauten var inntatt, venta tippekampen. To timar med tannlause og hardtarbeidande britar i svart kvitt, akkompagnert av ein entusiastisk og triviabesatt Arne Scheie.



Livet var godt. Eg var ein lukkeleg tiåring.



Hadde eg vore eldre, hadde eg kanskje tenkt at det var for godt til å vere sant. For det var det.



Ettermiddagen vart til kveld, Liverpool hadde vunne igjen og Arne Scheie sat i ein hotellbar og drakk seg full. Heime på Hareid samla familien seg igjen rundt fjernsynet. Heimelaga pizza og Jolly Cola kom på bordet. Dei vaksne gledde seg til tid for seg sjølv, medan vi borna såg fram til eit siste høgdepunkt før sengetid.

Pelle Parafins bøljeband med Tramteateret.



NRK viste no den tredje serien, Pelle Parafin og automatspøkelsene.



Det var spaning av høg kvalitet, kombinert med utsøkt humor og skøyeraktige karakterar. Billy Betong. Sandra Salamander. Ragna Rekkverk. For ein fantasi.



Kjøtdeig, ost, mais og cola kjærteikna gana mi der eg sat på golvet og stirra intenst på skjermen. Spaninga tok til, endå ein karakter viste seg. Ein bad guy som visstnok dreiv med ulovlegheiter. Han såg skikkeleg creepy ut, kven var han? Kva heitte han?



Det slo ned som eit lyn i ein liten robåt. Der og då visste eg at livet mitt aldri ville bli det same igjen. Ingen i stova sa noko som helst. Det var knystande stille. Veslesøstera mi knisa forsiktig, og vart straks irettesett av far min. Men det var for seint, eg skjøna teikninga. Frå no av ville eg alltid bli kalla Audun Automat.

Mandag morgon gjekk eg ekstra seint på veg til skulen. Der eg vanlegvis møtte klassekameratar, gjekk eg omvegar for å sleppe. Endeleg på veg inn i skulegarden høyrde eg ropa:



— Audun Automat! Audun Automat! Audun Automat! 


Alle hadde sett det same laurdag kveld, vi hadde berre NRK den gongen. Effekten var difor enorm.


Kvifor Audun, kvifor meg? Kunne han ikkje heite Eugen Automat, eller Arne? Var det fordi dei to fyrste bokstavane a og u var det same i både Audun og automat? Ja, det var sikkert det. Eg innsåg at slaget for lengst var tapt og at Tramteateret nok hadde kome opp med den beste løysinga. Audun Automat klang godt. Dei hadde nok ledd godt då dei klekte ut den.



Ikkje at det gjorde meg så mykje. Herregud, folk vart kalla verre ting. Men Audun Automat? Du hadde eitt liv, og så var det Audun Automat som skulle henge ved deg? Det var ikkje akkurat storslått.


Åra gjekk, og eg vart etterkvart van med kallenamnet mitt. Færre og færre hugsa kven Audun Automat var, men rett som det var måtte eg innsjå at eg tapte ein krangel fordi motparten hadde trekt trumfkortet og ropt: 

— Du då, Audun Automat!

Då var det lite eg kunne stille opp med. Siste ord var sagt, eg hadde ikkje utvikla eit forsvar godt nok til å slå tilbake. Med mindre den andre heitte Sandra eller Ragna eller Billy. 


Enkelte hadde god langtidshukommelse. Tjue år seinare kunne nokon plutseleg finne på å kalle meg Audun Automat. Like morosamt som i 1981 var det heldigvis ikkje, og langt i frå like effektfullt.


32 år seinare rusla eg gjennom ei av Oslo sine vakre, solfylte gater og fekk auge på eit kjent ansikt. Det var ein mann, han måtte vere rundt dei seksti. Ansiktet var alvorstynga der han hasta i retning det som sikkert var kontoret hans. Brått gjekk det opp for meg, det var Per Kjeve, skodespelaren som hadde gitt liv til karakteren Audun Automat. 



Det kjentes godt der og då, men eg skamma meg litt i ettertid. Eg hadde mumla det etter han med skuffande slagkraft og overtyding;

— Audun Automat!

Han snudde seg og smilte skeivt. Så gjekk han vidare.

Eg stod att med ei tom kjensle. Årevis med opparbeida frustrasjon som skulle kuliminere i eit inferno av ei skyllebøtte fortona seg i beste fall som ironisk hyllest.

Det var openbart at Per Kjeve hadde kome seg vidare i livet. 



No var det min tur.



onsdag 18. september 2013

Fotballidioti


Eg bøygde meg fram og skrudde på vatnet, følte meg litt fram på temperaturen og førebudde meg på smerten. Snart ville ei elles så behageleg oppleving som dusjen etter fotballkamp, forvandlast til nokre sekund med intenst ubehag.

Vatnet rann frå hovudet, nedover skuldrane og drog med seg salt og sveitte, hårprodukt og grus og framkalla ei uuthaldeleg svie i det det trefte eit stort skrubbsår på den venstre underarma. Eg beit tennene saman og kjende det sakte gå over akkurat i det neste skrubbsår på kneet fekk same behandling. Så gjekk det over.

No kunne eg sjå fram til to veker med klede, laken og plaster som skulle gro fast i såra. To veker i konstant sjølvmedkjensle. Kanskje ville det la meg gløyme mine skrantande kne og kroniske strekk i eine rumpeballen?

Eg lente hovudet mot dusjveggen og sukka. Kvifor gadd eg dette, år etter år? 42 år, småbarnspappa og full av skrubbsår etter ein fotballkamp i oldboysligaen, som vi i tillegg hadde tapt 1-7 etter å ha blitt utspelt etter alle kunstens reglar.

Utspelt av andre 42-åringar med kone og barn på sidelina, det kunne vel ikkje vere noko å trakte etter?

Eg hadde heller ikkje spelt ein god kamp. Vi hadde samla nok folk til å stille lag, men sidan vi ikkje hadde innbytarar hadde eg blitt utruleg sliten. Og slitne fotballspelarar gjer som kjent feil. I sluttminutta hadde eg gått i nærduell med ein motspelar med høgare body mass index og lågare tyngdepunkt enn meg. Ein resolutt dytt i skuldra sende meg flaksande gjennom lufta med ein kraftig rotasjon eg ikkje vann å utlikne. Landinga var hard og brutal, og kunstgrasdekket ga den naudsynte friksjonen skrubbsår treng for å bli skrubbsår.

Var dette mi fotballkarriere på sitt lågaste? tenkte eg og masserte sjampo i hovudbotnen. Det må det ha vore. Eg har trass alt aldri vore eldre, aldri vore tregare eller i dårlegare fysisk form. Sett bort frå speleforståinga blir ein berre dårlegare og dårlegare i fotball etter fylte 30 år. Slik var det berre.

I det heile tatt kunne ein undre seg over slike som meg som heldt fram å audmjuke seg sjølv. Veke etter veke, sesong etter sesong, år etter år. Stadig eldre og dårlegare. Det var vel difor menn tok opp golf i godt vaksen alder. Det å bli betre og betre i noko, utan å avsløre ditt fysiske forfall nemneverdig. Det verka lokkande på eit såra ego. Eg var så ubrukeleg i golf at eg kunne sjå fram mot årevis med forbetring, meistring og styrka sjølvkjensle.

Eg skrudde att krana og lot vatnet renne av meg. No måtte eg la såra lufttørke så lenge som mogleg, altså gå rundt i leilegheita i boksershorts fram ti leggetid.

Medan eg halvnaken smurte meg eit par brødskiver ved kjøkkenbenken, funderte eg vidare på fenomenet menn som audmjukar seg sjølv. Friviljug.

Menn som kjøper seg racersykkel til femti tusen kroner og legg ut på landevegsritt i kondomdress med mage og manboobs hengande og slengande. Eller som går på byen saman med ein kompis og ser langt etter damer som kunne vore døtrene deira, drikk seg fullare og fullare, og i det lyset blir slått på, gjennomfører dei den eine, flaue og desperate tilnærminga som blir brutalt og indignert avvist.

Tilbake står dei, med eit dumt flir om munnen der dei ser seg om i lokalet etter folk som kan ha observert opptrinnet. Eventuelt om eit nytt offer byr seg fram. Har ein blitt audmjuka ein gong, er skaden av ei til, mindre.

Tanken på at eg var ein del av eit større bilete, ein mannskultur som var innarbeidd gjennom hundrevis av år, gjorde meg rolegare. Faktisk litt munter.

Menn skal kanskje vere patetiske? I vår iver etter evig ungdom er vi villige til å lide nokre nederlag og audmjukingar. Kunne det vere så enkelt?

Kva var det ved fotballen som appellerte slik til meg at eg sette meg sjølv i gapahuken?

To dagar seinare var eg ute og lufta hunden iført dress, skjorte, slips og pene sko. Eg hugsar ikkje kva høvet var, men hunden tek ikkje omsyn til mitt antrekk — på do må han, uansett. Då vi passerte nokre gutungar som spelte fotball i ein ballbinge, spratt plutseleg ballen deira ut i gata og kom mot meg. Eg vart fylt med glede og spenning. Det stod klart for meg at det var mi oppgåve å få ballen over inngjerdinga og tilbake i ballbingen. Eg slapp hundebandet, tok eit par resolutte steg fram og ga ballen eit resolutt spark med underskru. Den gjekk som eit prosjektil gjennom lufta, men stoppa opp grunna den kraftige skruen slik at den dalte ned i ballbingen. Ei perfekt langpasning. I pensko. Den eine ungguten smilte og vinka, ballen hadde landa rett ved støvelen hans.

Etter ein liten spurt nådde eg att hunden, han sat og gjorde sitt i eit forseggjort blomsterbed.

Eg kunne knapt vente til neste oldboys-kamp. Forma mi var inne, det kunne alle sjå.

På veg heim hadde gutane avslutta dagens økt. Eg hadde håpa at enda ein ball skulle kome på avvege. Men nei, ingenting.

Søren og. 

torsdag 5. september 2013

Musikk

Musikk. Å, kor mykje enklare det var før. Då likte eg fem band, sånn circa. The Beatles, Toto og så nokre eg har gløymt no. Eg hadde tjue vinylplater, og det var meir enn nok. Då sat eg med vener rundt platespelaren og spela same plate igjen og igjen, las tekstane, pugga produsentar, tekstforfattar, gjestebassist og designar av coveret. Alt sit som støypt den dag i dag. Eric Clapton spelar sologitar på While My Guitar Gently Weeps. 1967. George Harrison skreiv låta same år. Han var forresten den yngste av dei fire, født i 1943. Trivia, men eg kunne det.

Det var heilt tilfeldig at eg likte nettopp den musikken eg likte. Det var det eg hadde tilgjengeleg. Musikken hadde funne meg, ikkje omvendt. Eg hadde stått i platebaren på Laluna, med Åge Grimstad bak disken, og høyrt gjennom plata. Og i frykt for å verke utnyttande, kjøpt plata. Tenkt at den kom til å vekse på meg. Og det gjorde den som regel.

Så gjekk det ei tid, og til slutt kunne eg alle songane, tekstane, gjestebassistar og coverdesignarar på rams.

I dag er det ikkje slik. Spotify — det motsette av Åge Grimstad og Laluna platebar — gjer alt det kan for å forvirre meg.

Alt er bra, alle høyrer på alt, alle tilrår alt og alle følger alle. Alle band har idiotiske namn og du er ein tosk dersom du ikkje skjønar at Sting er ein talentlaus idiot og at Jonathan Rado er tidlegare Foxygens. Hallo?

Ingen ser på plateomslag lenger. Trur eg. Ingen les tekstar lenger, eller ser på gjestebassistar og kvar dei har spelt før og kven dei er sonen til. Trur eg.

Trur eg, fordi det går supermenn blant oss. Desse virtousane som på eitt eller anna vis har oversikta. Som kan alt, ser alle samanhengar og har lest om bandet på nedlasta platecover. Dei veit kva band ein eller anna nittenårig raring frå Dundee har spelt i før. Det må då finnast hundrevis av rare nittenåringar frå Dundee? Kva er desse kjennarane laga av? Korleis får dei slik oversikt? Lurer dei oss? Skriv dei om musikk som ikkje finns, kanskje? Eg hadde ikkje merka det, om så var.

Men, det er håp for meg og. Brått ein dag, når eg har tid nok, når eg får opna sansane tids nok, høyrer eg noko eg likar. Bon Iver. Radiohead. Terje Nilsen. Grieg. Eg treng framleis tid, og ein platebar å lene meg til. Sette på meg headset og lytte medan eg stenger ute maset til Åge Grimstad.

Åge er forresten født i 1965, trur eg.