fredag 30. august 2013

Post

Etter nokre dagar på ferie hos familien på vestlandet, var det godt å opne si eiga ytterdør og sette ned tunge koffertar. Akkurat langt nok inn i gangen til at døra går igjen. Sparke av seg sveitte sko, slå på lyset og puste gjennom nasa for å avsløre om noko har stått og laga lukt, bananar, gløymt søppel eller døde husdyr. 

Så sette seg ned i sofaen, lene hovudet tilbake og nyte roa. Å reise er slitsomt, det er så uendeleg godt å vere heime.



Noko ligg og ulmar. Noko uroar meg.

Posten. Eg har ikkje henta post.



Det lot seg ikkje gjere på veg opp trappa, til det hadde eg for mykje å bere. Det var godt å ha gyldig grunn til gå forbi postkassa. Neste gong ville eg ikkje ha det. Med mindre eg hadde gløymt nøklane, då er det lov å vente enda ei stund. Ein kan ikkje alltid ha nøklar på seg, det seier seg sjølv.



Eg hadde lagt merke til at postkassa var full. Om nokon med tynne fingrar absolutt ville, kunne dei ha fiska opp dei største konvoluttane som nesten taut ut sprekken.

Som eg grudde meg. Men kvifor?



Det har ikkje alltid vore slik. Å hente post var eingong det mest spennande eg visste. Då eg var liten, visste eg akkurat når på døgnet posten kom. Eg stod nokre meter unna og iakttok om postbudet la noko i vår postkasse. Tenk om han hadde med noko til meg? Eit brev, med handskrift. Og helst jenteskrift, med hjarte og LEV VEL i kors nede i hjørnet. Frå henne. Frimerker med stempel over. Hadde ho brukt fleire frimerker, kanskje? Var det ein så tung konvolutt? Kvifor? Hadde ho skreve eit langt brev over fleire A4-sider? På ei eller begge sider av papiret? Det var stor forskjell på det, tosidig var dobbelt så langt. Eller hadde ho berre lagt ved eit eller anna? Eit utklipp frå eit vekeblad eller ei avis? Ei kjedeleg Hårek-stripe? Eller Billy? Umuleg å vite. 

Som oftast kom det ikkje brev, og i alle fall ikkje tjukke, parfymeduftande konvoluttar med jenteskrift. Då var det berre å omstille seg, smøre seg med tolmod. For brevet kunne like gjerne kome neste dag. Kanskje hadde ho posta det seint på dag, eller bedt mor si kjøpe frimerker som ho i sin tur hadde gløymt. Det var ingen grunn til panikk. Inntil eit visst punkt. Gjekk det for lenge, vart sjansane mindre dag for dag, til dei endeleg var lik null. Då var kjeda brutt, og det var ingen vits å hente posten lenger. Det var berre vaksenpost igjen, og det vedgjekk ikkje meg.



Godt vaksen stod eg så framfor den bugnande postboksa med nøkkelen i handa. Nølande. Kva venta meg? Ei veke med oppsamla krav og påminningar om alt eg burde ha gjort for lenge sidan. 


Kan ikke se å ha mottatt.



Vi viser til samtale per telefon, takk for at De ønsker å støtte Luftambulansen.



Så opnar du luka, og det rasar ut reklame, katalogar, flygeblad og konvoluttar. Konvoluttar med maskinskrift. Du må bruke begge hendene for å få alt med deg inn i leiligheita, plukkar ut alt som ser viktig ut, opnar brev etter brev og til slutt ser du at du skuldar 269 kroner. Det var alt. Full postkasse, tom kjensle og dagar med liding for ein kvart tusing. 

Det er nok åra som lavtløna lagerarbeidar og student som har øydelagt meg. Den tida det minste uførutsette krav spolerte likviditeten. Ei kvartalsinnbetaling frå Lånekassen var lik personleg ruin, kravet var på storleik med nettoløna. Då var det tungt å opne post. Difor hatar eg å gå i minibanken, og. ”Ikke dekning på konto” slo mot deg når det var minst venta og mest krise. No har det ikkje hendt på årevis, likevel grøssar eg ved tanken.

”

Ta kontakt med din bank.



Eg saknar å vakne om morgonen og kjenne det kile i magen av tanken på å hente post.

Slik er det vel å bli vaksen. Det blir meir alvor. Eg føler meg ikkje vaksen, men posten min har modnast veldig. Og den har blitt veldig alvorleg.

Eg trur eg sjekkar Facebook ein gong til. 




  
 


lørdag 17. august 2013

Handskrifta mi


Orsak, har du sett handskrifta mi? Ikkje det, nei. Eg finn ho ikkje att, og det byrjar å bli lenge sidan eg har sett henne.  Sist vi møttast skulle vi i banken og signere papir. Då stod det ikkje så bra til. Ho var usamanhengande, ustelt og vanskjøtt.

Det var ikkje noko kjekt syn. No er eg svært uroleg for henne..

Det verste er kanskje skuldkjensla eg ber på. Etter brotet med pennen, og eg vart saman med tastaturet, endra handskrifta mi åtferd. Dramatisk, vil enkelte seie. Ho, som var så vakker, lett og ledig, som dansa mellom linjer og punkt, heil linjeavstand og halv linjeavstand — alt gjekk an. Ho var grenselaus. Kven veit kva ho kunne blitt til?

No er stoda ei anna. Ho snublar seg fram, i stakkato, utan mål og meining. Der ho tidlegare suste over landskapet, står ho i dag nølande og hoppar frå stein til stein.

Trist, er det. Eg lurer på kva som kan ha hendt henne.

Ein kunne sjå det i augene hennar første gangen. Eg trur det var midt på nittitalet. Ho likte ikkje at eg flørta med tastaturet. Som om ho innsåg at ho ville falle mellom to tastar. At dette tydde starten på slutten for henne. Slutten på henne og meg. Vi som hadde leika saman i timesvis kvar dag då ho var lita. Stadig blitt betre, smidigare. Folk kommenterte henne, til og med.  Roste henne.

No er det øydelagt, kanskje for evig tid.

Eg må finne henne att. Vi treng kvarandre, ho og eg.  Ein veit aldri når ein brått må signere noko. Då er det krise om ho ikkje er til stades.

Kom heim! Eg skriv under på at eg aldri skal svikte deg igjen.

fredag 16. august 2013

92 09 88 99


Eg har, i likheit med deg, eit telefonnummer. 92098899, lyder det. Eg har i grunnen alltid vore svært fornøgd med det. Lett å hugse, kling bra og eg synes det står godt til meg. Det har heldt seg godt, har tålt tidens tann, som det heiter. Det er nemleg 13 år gamalt. Det skal konfirmerast neste år. Få sin fyrste dress og gå med vasskjemt hår.

Eg har ikkje tenkt på gåve eller feiring enno. Vi får sjå.

Telefonnummeret mitt har nemleg berre eitt ynskje — det vil fortsette å vere mitt. Ønsket er gjensidig, for eit liv utan 92098899 kan eg rett og slett ikkje førestille meg. Heilt utenkeleg, faktisk. Kva nummer skulle det vere? Eit av desse jyplingnummera som byrjar på 40-og noko? Ha! Nei, ein kvittar seg ikkje med noko som har fungert. Never change a winning team.

Mykje endra seg i livet mitt dei siste 13 åra. Eg har bytta land, bustad, by, jobb, boksershorts, men aldri telefonnummer. 92098899 har vore ved mi side kvar dag i 13 år. Eg er så van med å uttale det, at det har blitt eit eige ord. Eit subjekt. Nittitonullniåttiåttenittini.

Men, eg anar uråd. Noko seier meg at med dagens teknologiske utvikling vil telefonnummeret mitt ein dag måtte vike. Det vil bli passé. Ein dag trur eg dottera mi, som no er vel tre månadar, vil le av meg og seie: — Pappa, du er så harry, ass! Du har telefonnummer (ho seier "ass" fordi ho etter alt å døme vil bli austlending, noko eg ikkje her og no klarer å ta innover meg, og difor lar temaet kvile til ei anna statusoppdatering). Ho har, som sine jamaldringar, ein dings, eller ein app. Eller noko som ikkje er oppfunne enno, men som alle må ha, elles er du harry og utdatert. Og du får deg ikkje jobb. Ingen med telefonnummer får jobb.

Å ha telefonnummer blir som om å ha ein hudfarga fasttelefon med talskive plassert på eit telefonbord. Med hekladuk under. Ved sida heng ein telefonkatalog, innbunden i brun plast med sponsorlogoar påtrykt. Du skjønar kvar eg vil. Fullstenig utrangert, med andre ord. Nyttelause for samfunnet. Klare til å bli stua vekk, lagt til sides for å døy. Folk med telefonnummer blir liggande i gangen på sjukehusa, og må dele toalett med andre utdaterte folk, til dømes dei som ikkje klarte å legge frå seg jojoen.

Det endar vel som med alt ein blir glad i, det vil ein dag ta slutt. Kanskje må eg ta med telefonnummeret til Telenor og avlive det. Sette ei sprøyte og gjere kort prosess. Ingen vits å halde liv i det dersom det lid. Det er ikkje kjekt å vere telefonnummer i framtida, så det er berre å få det overstått.

Eg tenker på den tomheita eg må føle der eg står på parkeringsplassen utanfor Telenor-bygget. Alt eg har igjen av telefonnummeret er SIM-kortet eg har i neven. Det skal eg legge på peishylla, eller kaste det utover noko eg veit det var glad i. Det vil seie, eg må vel kaste det PÅ noko, ettersom det ikkje er pulverisert. Eg kan ikkje kome på kva det skulle vere, akkurat no. Telefonnummeret har vore avgjerande for så mangt. Det har hjelpt meg å halde kontakt med folk eg er glad i, det har gitt meg godt nytt, men og dårleg nytt. Eg har gapskratta og grått. Same kva eg har vore igjennom, har telefonnummeret vore der.

Men, eg kan ikkje site her og ta sorgene på forskot. Eg har mange eg skal ringe før den tid. Eg håper mange vil ringe meg, og.

92098899 står klar til teneste, enn så lenge.