torsdag 27. november 2014

Masturbasjon i kyrkjetid

Det var ein gloheit og solrik søndag, nokre augneblink før kykjetid. Far, mor, søstre og bror har iført seg sin finaste skrud, med kjolar, mørke dressar og kvite skjorter som klamrar seg rundt halsen takka vere ein vel stram slipsknute. 

Alle er dei samla i yttergangen. Far opnar ytterdøra og slepp dei andre familiemedlemmene ut. Som vårkåte kalvar spring dei ut på tunet mot bilen. Det er varmt ute, men endå varmare inne i huset. Ingen hadde air condition på Hareid, i alle fall ikkje på åttitalet. 

Far ser på klokka, deretter i spegelen og ropar mot guteromet mitt i det han stig ut på trappa:

– Kjem du, Audun?

Med raske steg over singelen, kanskje ti meter unnagjort på tre, fire skritt, når han bilen, opnar bildøra og let den igjen med eit velkjent, metallisk smell.

Datsun 180B, stasjonsvagn. 1982-modell. Den sennepsgule corollaen måtte vike då vi brått gjekk frå fire familiemedlemmer til seks. Vips, inn med datsunen. Den var lett gjenkjenneleg med trelista som gjekk frå side til side på bakenden. Men, det var ein god bil. Presis girkasse, eg hadde prøvekøyrt den i all hemmelegheit sidan eg var tretten år. Inn og ut av garasjen, opp til riksvegen, snu, og ned att. Eg fekk lappen på første forsøk, for å seie det slik. No står bilen utanfor huset, lasta til ripa, men ein plass står ledig i baksetet. Min.

– Audun! Gudstenesta byrjar, ropar mor mi. Utålmodet er lett å ane. Det er ikkje kjekt å kome sist inn i kyrkja når ein er seks.

– Kva er det han driv med? spør ho far min.

Han svarar ikkje, kanskje fordi han har ein mistanke. 
Inne på guteromet mitt står eg, og er så såre nær klimakset eg har jobba så hardt for. Dei siste fem minutta, kanskje meir.

Det er nemleg slik, at eg har nettopp oppdaga at eg kan få etterkomarar. Ei ny verd har openberra seg. Berre for nokre dagar sidan, var dette ei umoglegheit. 

Mi nye oppdaging har sjølvsagt ført til at eg har overdrive frekvensen dei siste dagane, og det lar seg ikkje avslutte like umiddelbart som når ein tek pause ein dag eller to. 

No står eg der, bøygd over eigne tankar og fantasiar, i dress og slips medan sveitten tiltar og krafta i høgrearmen avtar, og masturberar inn i kyrkjetida. Med ei stivpynta, overoppheita og utålmodig familie i Datsun på tomgang utanfor.

Du kan ikkje godt gi deg på målstreken, heller. Til det er klimakset for godt, når – eller om – det kjem. Eg har nemleg gått tom for idear. Feil bilete dukkar opp i mitt indre auge, Elisabeth Grannemann levde på denne tida, og slik blir du sendt tilbake til start. 

Eg veit ikkje om du nokon gong har runka til lyden av eit japansk bilhorn, men det tener ikkje til noko godt. Der tyske bilar hadde eit luftig, fleirstemt og behageleg fløyt, hadde datsunen eit nasalt, diskantfyllt gnell. Saman med dei tiltakande desperate ropa frå foreldra mine, var det den optimale turn off.

– Audun, vil du sjå og kome med ein gong? ropar far.

Hadde han berre visst kor sterkt det ønsket var felles for oss begge .

Utan internett, pornoblad eller noko som helst av hjelpemiddel, resignerer eg og pakkar saman sakene, utan ønska utfall. Eg luskar ut i bilen, sveitt og andpusten, og prøvar å unngå blikka som møter meg.

– Kva er det du driv med? nærast ropar far min mot meg.
– Eg tok sit ups, svara eg. 

Det var blank løgn, og eg kjente det sveid litt i samvitet. Men ikkje så mykje som gnagsåret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar