torsdag 13. juni 2013

Parkér isbilen


I går sat vi i 25 grader og inntok frukost i skuggen. 


Det var ein nydeleg formiddag, naboar stoppa og slo av ein prat, fuglar kvitra og kaffen var krutsterk. 

Midt i ei skive med bringebærsyltetøy høyrer eg mitt verste mareritt nærme seg i bakgrunnen; isbilen. 

Denne lyseblå kvisa på asfaltens rumpe, kaloriar, bakteriar og dårleg karma på fire hjul. Febrilsk klynger den seg til nostalgiske idéar om fordums romantikk der mor og barn kom løpande med 25 øre i handa, klar for laurdagens utskeiing, overlukkelege etter å ha høyrt kimen frå bjella — lyden av kos. 


I dag er det ikkje lenger lyden av kos. Det er lyden av desperasjon og utnytting av foreldre sitt dårlege samvit. Det er lyden av overvektige barn som ikkje burde ete is klokka 9 om morgonen. Det er lyden av ein underbetalt arbeidar som køyrer rundt på si audmjukande ferd gjennom avslag og fornedring. 


Men, men, tilbake til frukosten. 

Bjella ringer så nådelaust høgt. Det kan umulig vere ei vanleg bjelle. I dei ti minutta isbilen brukte på å svinge innom tunet vårt, var det ikkje mulig å høyre eit ord nokon sa — eller kvitra. Det var ikkje eingong mulig å ete. Du klarer ikkje ete skive med bringebærsyltetøy når du bit jekslane saman og hyttar med neven. 


Og prøv å drikke kaffe medan du bannar. 


Ikkje å tilrå.



Eg likar iskrem, men fordrar ikkje isbilen. 


Parkér den no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar