torsdag 24. oktober 2013

Min ven, ironien


Eg har registrert at min kjære ven, ironien, er i hardt vêr for tida. Han dug visst ikkje lenger, folk er lei han.

No meiner tydelegvis enkelte at eg skal dumpe han, just like that. Ironien, som har heldt min humor, mi kommunikasjonsevne og mitt sosiale liv oppe i ein mannsalder, skal bytast ut med ei anna kommunikasjonsform. Kva form det skal vere, veit ikkje eg. Eg kan ikkje noko anna. Og eg har ikkje tenkt å lære meg noko anna, heller. Eg er og blir ein ironikar. Du kan ikkje lære ein gamal hund nye triks.



Du spør kanskje kvifor? Kva kan grunnen til mi staheit vere? 



Vel, eg har hatt stor suksess med min bruk av ironi. Vil eg påstå, i alle fall. Å kunne seie det du eigentleg meiner ved å seie det motsette, er ein så glitrande idé at oppfinnaren bør få si eiga statue. Til dømes ved damesjekking. Tenk å kunne seie til ei jente du likar at ho ikkje er noko særleg. Så le usikkert, og slik skjønar ho at du er ironisk og at det betyr at du synes ho er fantastisk. Vinn, vinn. Du slepp å måtte vise svakheit eller eksponere kjenslene dine, og ho får ei kjærleikserklæring.

Dersom ho skjønar ironi, vel og merke.



Gjer ho ikkje det, vil du mest sannsynleg bli avvist. Men kva gjer vel det, du sa trass alt at ho ikkje var noko særleg.

Ironi er og ein effektiv måte å formidle di eigentlege meining og samstundes vere morosam på andre si bekostning. Særleg dersom ein blir spurt eit dumt spørsmål, slik eg vart her ein laurdag:



— Skal du sjå Liverpool-kampen i dag? 



— Nei, eg tenkte eg heller skulle bli med deg og veninnene dine på shopping.



Dette er eit godt døme. Ikkje berre stadfestar eg at eg skal sjå kampen, eg får og gitt uttrykk for kor trasig eg synes det er å shoppe. Til sist klarer eg å latterleggjere den som stilte spørsmålet og hobbyen hennar.

Slik har eg levd livet mitt. Ironien har vore ein grunnstein i min kommunikasjon. Det er genialt. Og ufarleg, det kostar så mykje mindre enn å vere ekte og svak.

Nei, ikkje avskilt ironien. Reis heller den statuen av oppfinnaren. Eg er usikker på kvar denne statuen burde stå, og om det skulle vere ei byste eller heilfigur. Kanskje noko à la det John Arne Riise har ved ColorLine Stadion i Ålesund?

Fotballspelaren, som den heiter. Det er visst ikkje han, seiest det.

Sikkert.

Sjå der; ironi. Sikkert, altså. Du skjøna kanskje at eg ikkje meinte det.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar